Tagged: styrkeprøven2014

Satsing lagkonkurranselag Lillehammer – Oslo 2014

Styret i klubben har hatt møte og drøfta vidare satsing på lagkonkurranser for neste sesong.

Tore Sundero m.f har lufta interessa for neste års satsing via facebook. Det er stor interesse for å satse på Lillehammer – Oslo til sommaren. Interessen for å satse på Trondheim – Oslo er ikkje like stor. I år og tidlegare, har klubben hatt felleslag med samarbeidande klubbar både på Lillehammer-Oslo og Trondheim-Oslo. For neste sesong er det ytra sterke ynskjer om å satse på eit reint klubblag.

Styret i klubben stiller seg bak interessen for å satse på eit reint klubblag på Lillehammer-Oslo i 2014. Vi melder på lag i lagkonkurransen. Klubben stiller i lagkonkurransen i nokre ritt i forkant av Lillehammer-Oslo. 

Tore Sundero, Nils Kvehaugen og Pål Kristian Moen er ansvarlege for vidare organisering av laget.

mvh
Gudbrand Mo

Advertisements