Stisykling i Ottadalen

På denne siden vil vi presentere noen av stiene som er mulig å sykle i Ottadalen. Bidrag mottas på ottadalensk@gmail.com

Kleivhø-området:

Skjermbilde 2016-06-08 kl. 20.27.31.png

Kart 1: Frå Kleivhø, ta vestover, stigskilje like før du kjem ned i skogen.  Vær nøye så du kjem på rett nedfart i skogen.  Må halde høgre før du kjem til eit lite delvis uttørka tjønn/søkk.  Kan vere litt vanskeleg å finne rett stig i eit parti i skogen.  Skal prøve å ta med raudspray eller bånd. Denne nedfarten er grei med hartail.  Vis omsyn når du kjem ned til  innmarksbeite til Vistekleiven.

Per-Ivar (M 92041410)

PS. Kartet har ein avstikkar ned i berget under Kleivhøe i samband med skileit.  Ikkje ta den! 

Lenke til gps-spor: https://www.polarpersonaltrainer.com/shared/exercise.ftl?shareTag=7b61e9cf2a971a18c22241b869348118#.V0aSi24Ym5A.email

 

 

Skjermbilde 2016-06-08 kl. 20.33.57

 

Kart 2: Sykle Sundlivegen, ta i retning Klonessetra

/Sandranden. Ta av på sti, ved liten varde (sjå kart). Sykle på sti til du kjem på tiltaket til Mæland (bulldoserstripe frå Sundstein til Klonessetra, umulig å ta feil). Fortsett sørover på denne i ca 50 meter, ta av til høyre ved liten steinvarde og inn på ein i starten litt fuktig stig.  Følg stigen, etterkvart på raudmerka stig til du kjem på Kleivhø. Kort bratt ned på stigen som går i austleg retning, litt knot til du kjem i dalbotn/søkket.  Fortset på raudmerka sti, etterkvart bratt.  Stigen kryssar eit  par vegar.  Fordel med senkepinne og fulldempa for nedfarten.  Stigen ut til Kleivhøe er grei med hardtail.  Nyt utsikten på Kleivhøe. Stigen austover er fin teknikktrening! Alternativet på Kleivhøe er å halde rett vest i starten og ende på Vistekleiven (sjå anna beskriving). Viss omsyn til beitedyr og folk på stigane. God tur i eit supert landskap! – Per-Ivar (92041410)

Lenke til gps: https://www.polarpersonaltrainer.com/shared/exercise.ftl?shareTag=f6065bfc4dea4d7045f3270940b1d967#.V1gC9EWZSts.email

Langmyra – Olavshovda – Lauvsetrin – Sjårdalen
skjermbilde-2016-10-03-kl-19-48-52

Olavshovda, med introterreng, følg skilting der du tar av frå Sjårdalssetervegen v/siste busetting.  Inne på Sjårdalssetervegen igjen syklar du denne til endes ved Skardsetrene og rett sør på sti opp i snaua.  Når du er på høgste hold vestover på  stigar innimellom til du er på Olavshovda.  Rett nord på sti nedover Lauvsetrene/Stulsetrene.  Valfritt retur nedover når du er på Sjårdalssetervegen igjen.   Frå Olavshovda kan ein også sykle vestover til Langmyra og stig vidare ut på Kleivhø.  Olavshovda kan og syklast frå Langmyra.
Lenke til gps: https://www.polarpersonaltrainer.com/shared/exercise.ftl?shareTag=ae8d86c3b9078f5a811ae40a23114ca9#.V-JGxdokpYY.email

Veslevassfjellet
skjermbilde-2016-10-03-kl-19-55-10

Tur opp Sundlivegen til Langmyra i retning Klonessetra/Sandranden, ut i terrenget ved liten steinvarde i høgretkant av vegen, i same retning som tur til Kleivhøe.  Ta av til venstre i retning Strondsetrene når du kjem til raudmerka sti, vidare til Gudsfredholet og over Megardsåsen.  Seterveg til Valdesetrene og stien opp på Veslevassfjellet, følg høgda heile vegen og etter kvart er du på svaene og kan oppleve MTB-nirvana.  Fin sykling bortover sva og super utforsykling ned til Tesse.  Ta strake vegen til Tessosen eller til venstre og etter kvart sti og veg som ender på Fuglsetervegen.  Kafebesøk på Randsverk er anbefalt om du tek denne retningen.  Er du sprek kan du fortsette til Glitterheim. Dette er ein fantastisk tur med super utsikt til Glittertind, Heimfjell, Dovrefjell og Rondane!
Lenke til gps: https://www.polarpersonaltrainer.com/shared/exercise.ftl?shareTag=e04557d84c44661c5e64c1eb2b73203d#.V39i9v7sRUM.email