Birkebeinerrennet 2016 – buss og overnatting

Hei birkebeinere – Æ døkk klare for tur att?

Buss og overnatting er bestilt!

Programmet er følgjande;

Avreise frå Bilkontoret i Vågå fredag 18. mars kl. 11.00.

Stopp for å plukke opp løpere nedover Ottadalen og Gudbrandsdalen – stopp ved Håkons Hall for å hente startnummer og handle litt.

Avreise frå Lillehammer ca. kl. 15.00 – stopp for å eta middag på Biri.

Stopp på Rena 1 times tid for henting av startnummer og enda meir shopping (ting vi ikkje har bruk for??) og smøretips i haugevis!

Etterpå går turen vidare til Osvang der vi får madrasser å ligge på og som tidlegare år blir det middag og anna matservering fredagskveld og frokost laurdag morgon.

Avreise til Rena tidleg (nok) laurdagmorgon – neste stopp starten på Rena. Der står bussen til sistemann skal starte.

Neste stopp Birkebeiner skistadion og etter kvart Lillehammer, der dusjen, diplomer og kanskje merke og premie – og etter kvart bussen ventar på oss.

Før vi reiser oppover dalen att har vi fått i oss eit velfortjent herleg måltid og god drikke attåt!

Prisen på overnatting inkl. frokost trur eg er som i fjor kr 500. Prisen for bussen er avhengig av kor mange som blir med. Med 20 passasjerer blir det ca. 600,- pr. pers.

Du kan melde deg på til meg på epost bjorn.bakke@lom.kommune.no eller på

tlf. 90 9473 00.

Frist for påmelding 1. mars.

Mvh

Bjørn Bakke

Skriv en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s