Hei birkebeinere – døkk bli vel mæ i år au?
Buss og overnatting er bestilt!
Programmet er følgjande;
Avreise frå Bilkontoret i Vågå fredag 14. mars kl. 11.00.
Stopp for å plukke opp løpere nedover Ottadalen og Gudbrandsdalen – stopp ved Håkons Hall for å hente startnummer og handle litt.
Avreise frå Lillehammer ca. kl. 15.00 – stopp for å eta middag på Biri.
Stopp på Rena 1 times tid for henting av startnummer og enda meir handling (av ting vi ikkje har bruk for??) og smøretips i haugevis!
Etterpå går turen vidare til Osvang der vi får madrasser å ligge på og som tidlegare år blir det middag og anna matservering fredagskveld og frokost laurdag morgon.
Avreise til Rena tidleg (nok) laurdagmorgon – neste stopp starten på Rena. Der står bussen til sistemann skal starte.
Neste stopp Birkebeiner skistadion og etter kvart Lillehammer, der dusjen, diplomer og kanskje merke og premie – og etter kvart bussen venter på oss.
Før vi reiser oppover dalen att har vi fått i oss eit velfortjent herleg måltid og god drikke attåt!
Prisen på overnatting inkl. frokost trur eg er som i fjor kr 500. Prisen for bussen er avhengig av kor mange som blir med. Med 20 passasjerer blir det ca. 600,- pr. pers.
Du kan melde deg på til meg på epost bjorn.bakke@lom.kommune.no eller på tlf. 90 94 7300.
Siste frist for påmelding er den 10. mars.