Jotunheimen rundt 5.-6. juli – dugnad!

Sykkelklubben er medarrangør av Jotunheimen Rundt 5. – 6. juli 2013.

Vi skal stå for matstasjon på Lemonsjøen og i Lom som tidlegare år.
I tillegg skal vi hjelpe Sogn Ck med påmelding og start for Sognefjellsrittet i Lom.

Vi treng mange for å hjelpe til fredagskvelden 5. juli og laurdag 6. juli.

Alle aktive i klubben må rekne med å stille opp på denne dugnaden, evt. finne ein erstattar.

Vi prøver å fordele oppgavene i Lom slik at du enten stiller fredagskvelden, frå ca 0530 – 1200 laurdag, 
eller frå ca kl. 11-16 laurdag.

Vi ynskjer tilbakemelding på når du vil stille opp. 

Ynskje om tidspunkt kan sendast til gudbrand.mo@online.no, eller 97 67 74 20.

Arrangementet er ei viktig inntekt for klubben.

Gauldals- og Festningsrittet NC

Gauldalsrittet. Bra innsats i ei særs teknisk krevjande løype, der ungdommen kunne briljere med tekniske ferdigheter!

Festningsrittet:. Fartsfylt og meget artig løype i friluftsområdet på Kristiansten festning. Tekniske parti, men utan dødspotensiale for gamle folk. Bra innsats også her bortsett frå at Tormod kjørte i eit «usynleg» kumlokk (dekka av grass) etter 200 meter og fikk høl i dekket og rittet spolert.

Artig med rundbaneritt. Løypene går som regel i sløyfer på eit lite område. Familievennlege arrangement og ikkje så lange distanser, slik at ein kan sykle ritt påfølgjande dag.

Helsing
Per-Ivar Weydahl

Resultater Festningsrittet
Resultater Gauldalsrittet