Per-Ivar sykla Gjende på langs

Vi har ein spesiell vinter med lite snø, men det opnar dørene for nye opplevingar på sykkelen. 

Per-Ivar Weydahl er ivrig vintersyklist, og med skikkelege piggdekk er det ikkje noko problem å sykle på stålisen som ligg på vatna rundt oss. 

Søndag sykla Per-Ivar Gjende på langs, frå Bessheim til Gjendebu og attende. Han fortel at spesielt på dei innerste 16 kilometrane var tilhøva topp, med 10-15 cm stålis. Gjende har som kjent lite bakkar, så å halde eit 25 km/t i snitt var lett. Ellers melder han om lite trafikk, faktisk var han heilt einsleg på isen denne dagen. 

Foto: Per-Ivar Weydahl

Tekst: Øyvind Svare Odde

Skriv en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s