Årsmelding 2024

Ottadalen Sykkelklubb har hatt følgjande styresamansetjing

  • Per-Ivar Weydahl (leiar)
  • Hans Magne Helland (sekretær)
  • Anders Nordnes (kasserar)
  • Tore Johansen
  • Rune P. Bakken

Weydahl vart vald til leiar

Valkomité
Øyvind Skogstad
Lars Blekastad

Revisor: Kjell Arne Kleiven

Styret har hatt nokre styremøte.

Aktivitet

Det var faste treningsdagar frå ca. påske til Birken på tysdag, torsdag og søndag. Det var
varierande frammøte. Frå nokre til ingen, ofte ingen i år.

Vi har arrangert eit barneritt på rulleskibanen på Lalm, eit om våren. Det om hausten, etter skulestart, vart avlyst p.g.a. mykje regn. Det kom 40-50 stk. Det var god stemning på vårrittet!

Sportslege resultat
Rune Vegard Bakken deltek i jamleg i virtuelle sykkelritt, E-sykkelcup i regi av NCF. Han vann b-klassa i 2024. Rune Vegard syklar en del ritt her og der gjennom sesongen, ofte med gode resultat.

Tour de Ottadalen vart gjennomført etter førre år opplegg. Fem konkurransar med omvendt jaktstart til Tessosen denne gangen. Fellesstarten gjekk på baksida til Sjoa og ad litt omvegar vart det målgang på Heidalsskogen. Suveren vinner i år igjen vart Rune Vegard Bakken. Han vann alle ritta bortsett frå fellesstarten. Det er litt synkande deltaking i TdO

Birkebeinerrittet2024. Vi hadde godt gammaldags fellesopplegg, med minibuss og overnatting på Åmodt ungdomsskule via arrangør. Triveleg opplegg for dei som var med.

«Gamlingane» i klubben held koken på gode tider. Olav Trønnes slo til med klar klassesigar i M65-70, på tid rett i overkant av tre timar!

Tormod Weydahl hadde ein god sesong med mange sigrar. Han fekk samanlagtsigeren i terrengmaratoncupen. Han tok 2. pl. I NM terrengmaratonsykling, kun slått med 39 sek. Han er framleis medlem i Ottadalen Sykkelklubb og er med i konkurransefellesskapet HuntonHardrocx

Toppresultat 2024:

  • 2. plass NM maraton
  • 1. plass Nordisk meisterskap maraton.
  • 1. plass Terrengsykkelrittet
  • 1. plass Trans Østerdalen sammenlagt.
  • 9. plass NM Rundbane
  • 1. plass Valdresrittet
  • 1. plass Sjusjørittet

Komplette resultat: https://ottadalen-sykkelklubb.no/


Klubben inviterte til 6 rettars middag for medlemmane på Andre Etasje. I haust. 17 stk. deltok Der var det overrekking av sigarssjekk for TdO-vinnar Rune Vegard Bakken og god stemning.

Vågå, 12.02.2025
Styret OSK v/leiar Per-Ivar Weydahl